Avspark 2018

Publisert: mandag 16. april 2018

Endeleg starter fotballsesongen

Det er vår i lufta, trekkfuglane har kome, bøndene er i gong med våronna og graset har begynt å spire på Nestun etter varmen dei siste dagane. Kort sagt det er vår på Giske, og resten av Sunnmøre.

Årets fotballsesong startar denne veka for laga til Giske IL. I løpet av dei først dagane skal både Jenter 11, Gutar 11 og Giske sitt A-lag i aksjon, samt samarbeidslag som vi har med Godøy Idrettslag.

Etter fleire månader med trening er det no klart for ein ny fotballsesong, og det gler vi oss til!

Først ute er Giske sitt J11 lag som skal spele mot Brattvåg på kunstgrasbana på skuleplassen kl. 18.30 på måndag.  På onsdag spelar A-laget bortekamp mot Rollon 2 kl. 18.30 på Rollonbana. Vidare so skal Giske G11 i aksjon på torsdag kl. 18.30, også dette på skuleplassen.

Første heimekamp for A-laget blir onsdag 25 april mot Spjelkavik 2. Men dette blir ikkje første graskamp i år, for allereie mandag 23 april skal Giske (GIGO) 14 i aksjon kl. 18.30 på Giske Stadion. Samstundes spelar Giske G10 bortekamp mot Vigra på Rota.

Deretter går det slag i slag utover sesongen for små og store i Giske IL. I tillegg til laga over, har Giske eit G7 lag som skal vere med i miniturneringar i år, og i samarbeid med Godøy har vi J14 og 16, og G16(her er også Vigra med) og G19.

Giske IL vil ynskje alle lag lykke til med sesongen, og vi satsar på god stemning både på bana og tribuna. Vi ynskjer alle velkomne og håper mange på øya tek turen for å støtte laga våre.

Ei ekstra helsing til domarane og tilreisande lag, og ikkje minst til vårt talrike publikum som lagar ei flott ramme rundt kampane på Giske Stadion

Heia Giske!