Endelig er garasja til Giske IL ved kunstgrasbana ferdig

Publisert: lørdag 28. mars 2020

Giske IL har investert i garasje med varmerom for folk og utstyr

24 februar 2014 vart kunstgrasbana offisielt åpna av dåverande ordførar Knut Støbakk og ungane ved skulen og barnehagen. Det var ein stor dag for øya, og det er neste so vi ikkje kan tenke oss ei tid uten bana på skuleplassen. Tidligare var det ei dårlig grusbane på skuleplassen, og  det er neste so vi har gløymt kor det såg ut då.

Med god samarbeid mellom kommune, skule og idrettslag og med tippemidlar, støtte fra folket på Giske, Sparebanken Møre, Tafjord og Mowi (Marine Harvest) vart prosjektet realisert.

I forbindelse med bana, vart det og avtalt med kommunen at Giske IL, kunne få sette opp ei garasjen til vedlikehaldsutstyr, ein evt. traktor og ikke minst utstyr relatert til idrett. Garasja er på ca 65 m2 og har garasje, oppvarma lager og eit område under tak til framtidig lita tribune mm.

Peder Kåre Giske har saman med dugnadshjelp stått for bygginga, og det er finansiert av Giske IL og tippemidlar. Ei stor takk til Peder Kåre og dugnadsgjengen. Garasja vert eit flott tilskudd for Giske IL, og gjer at idrettslaget har fått sitt første bygg utanfor vårt eige anlegg på Nestun