Juletresal på spelplassen

Juletresal 2016
Giske IL sitt tradisjonsrike juletresal er på spelplassen/ i amfiet søndag 18 desember kl 13-15.
Øyas hornmusikk vil spele til gang rundt juletreet kl 13.00 og salet av juletre startar rett etter gangen rundt juletreet er avslutta. I år er det og mogleg å betale med kort, via Tikkio eller Sping.
Nytt av året, er at det er sal av Giske IL sitt eige sitteunderlag i tova ull, med brodert Giskelogo på. Dette må vere årets julegave til alle Giskesupporterar. Det kostar 250 kr per stk.  Sitteunderlaget er laga i samarbeid med Tova. Deira visjon er å skape høykvalitets tova produkt, bygd på norsk design og skandinavisk ulltradisjon. Produksjonen i Mongolia skal vere basert på lokale råvarer og målet er å utvikle mennesker gjennom å tilby gode arbeidsvilkår og utviklingsmuligheter. Giske IL er stolt av at vi kan vere med å bidra til dette.

Det vert og sal av graut og gratis gløgg i langhuset slik som vi har hatt dei siste åra. Pris for juletre edelgran er 550,- og julenek kostar 50. Graut kostar 50 per porsjon. Ta med kontantar eller kjøp via Giske IL på Tikko. Vi håper mange tek turen og er sosiale no i førjulsstrida.

Det vil også vere mogleg å kjøpe supporterutstyr og sesongkort for sesongen 2017.

Vel møtt til juletresal, graut og gang rundt juletreet i Giske Amfi – Alle er velkomne til ein god handel og ikkje minst ein prat med andre sambygdingar.
Vi vil samstundes takke alle som støttar oss gjennom grasrotandelen til Norsk Tipping og som støttemedlem i idrettslaget. Vi ynskje alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!
Helsing Giske IL, eit levande idrettslag!

sitteunderlag