Karneval på Nestun

Februar er karnevalstid

Giske IL sitt årlige karneval gjekk av stabelen søndag 12. februar. God stemning og ungar i alle slags kostyme. Ungane kosa seg og leika, og vi fekk og sjå ei flott danseframsyning fra nokre av dei som deltek på hiphop i regi av Giske Kulturskule.


Ein ekstra takk til husstyret med hjelparar som stod for arrangementet. Godt jobba!

Giske IL – eit levande idrettslag