Leserbrev fra Giske IL og Godøy IL

Publisert: søndag 1. mars 2020

Ifm. prosess med å vurdere ny skolestruktur i Giske kommune har Giske IL og Godøy IL gått sammen og utarbeidet et felles leserbrev. Brevet stod på trykk i Øy-blikk 27. februar 2020, og kan leses i sin helhet her:

Skulestrukturen og idretten

I debatten om skulestrukturen som pågår nå, vert det mellom anna påpeika behovet for «å bygge ein felles kultur for oppvekst i Giske kommune».

I vår kommune er det 4 «allidrettslag», eitt på kvar øy.  Vi veit der finst folk som ønskjer andre løysinger, f.eks å samle alle til eitt felles lag for å styrke kvalitet og miljø, men ei utvikling i den retning vil vi sterkt advare mot.  Det finst nok av eksempel på at slike samlinger gir andre resultat enn venta.

Men dette grip nokså klart inn i dagens strukturdebatt.  Dei 2 minste idrettslaga i kommunen, Giske IL og Godøy IL,  har dei seinare åra samarbeidd svært nært i det daglege, med felles lag som skiftevis er styrt av Giske IL eller Godøy IL, heile tida som likeverdige partnarar.  Den felles ungdomsskulen har vore ein viktig faktor for dette samarbeidet, både fordi den på eit vis har «skapt» spelargruppene, men også fordi lag tidvis har trena rett etter skuletida, når dei likevel er samla.  Det er vel ikkje å ta for sterkt i å sei at begge desse idrettslaga i mange tilfelle ville ha hatt problem med å gje kvalitetsmessig gode nok tilbod til sine barn og unge utan dette samarbeidet.

Ved ein felles ungdomsskule for heile kommunen vil «våre» medlemmer truleg bli fordelt i klassene; det skal då skapast «ein felles kultur».  Dermed forsvinn ein bit av grunnlaget for dagens idrettssamarbeid.  Det neste som kan forventast, er at enkelte frå Giske veljer å trene med Valder IL.  Det skjer til dels også i dag, men felles skule vil truleg aksellerere denne utviklinga.  Dette vil umiddelbart svekke Giske IL sine aktiviteter; i verste fall gjere arbeidet svært vanskeleg.  Samarbeidet mellom Giske IL og Godøy IL kan sjølvsagt halde fram, men ein vesentleg del av grunnlaget vil vere borte.  Og forvitrer dette samarbeidet, frykter vi for utviklinga vidare for begge idrettslaga.

Idrettslaga i kommunen vår står for ein stor del av det organiserte, frivillige  arbeidet som foregår for barn og unge.  Dei 4 idrettslaga, som samarbeider godt, men som har sine klare geografiske revir, skaper nettopp gjennom denne interne konkurransen om vere best, den interessen og det engasjementet som trengs for å drive idrett, både for barn og vaksne.

Dagens skulestruktur har vist seg å ha svært positive sosiale  effekter for Godøya og Giske.  To litt for små samfunn kvar for seg, klarer nå å gje langt betre idrettstilbod til sine barn og unge.  Om skulestrukturen vert endra, og den utviklinga vi har skildra ovanfor vert aktuell, noko vi ser på som nokså sannsynleg, vil det kunne bli katastrofalt for våre idrettslag og våre aktive.

Den innsparinga som Agenda Kaupang indikerer ved samling av ungdomsskulane, ser vi på som svært usikker, av fleire grunner.  Dei sosiale kostnadane, spesielt for barn og unge, lar seg heller ikkje talfeste, men dei kan bli store.

Vi har her kommentert vårt syn på alternativ 1, som inneber samling av ungdomsskulane.  Alternativ 2, som også inneber flytting av barneskulen på Giske til Valderøya, kommenterer vi ikkje spesielt, ettersom vi finn det heilt usannsynleg, og uforsvarleg, at kommunestyret skal forlate prinsippet om ein barneskule på kvar øy etter ein så rask og lite forankra prosess.  Men konsekvensane av alternativ 2 ville vere som beskrive ovanfor, men med endå sterkare utslag.

Steinar Lillebø                              Martin Ingjerd

Leder Giske IL                              nestleder Godøy IL