Stiftet - 06.11.1965
Leiar - Steinar Lillebø
Nestleiar - Idar Giskegjerde
Økonomiansvarlig - Marianne Svensen Sund
Styremedlem - Inger Lise Emini Lillebø
Styremedlem - Torkild Skjong
Styremedlem - Stian Rørvik Johansen
Styremedlem - Arild Olsen
Styremedlem - Eli Giske
Styremedlem - Anja Misund
-
Dette er Giske IL sin formålsparagraf fra 1965
Velkommen til Giske IL si nettside.
Med ei strofe frå den nye klubbsangen til Giske Idrettslag som er laga i samband med 50-års jubileet, vil eg ta leserane med på ei reise tilbake til 1960-talet, då eventyret starta. Kva tenkte desse ungdommane om framtida og kva var drivkrafta som skulle til for å møte dei utfordringane som dei visste ville kome.
I åra etter krigen endra samfunnet seg radikalt, slik også på Giske-øya. Verdskrigen skapte ei ny tid med store teknologiske nyvinningar og det gamle bondesamfunnet som tidlegare hadde sett rammene for mest all aktivitet, vart etter kvart opnare . Nye tankar kom til gjennom auka utdanning og reiseverksemd, og når fjernsynet kom på 60-talet fekk nye kulturimpulsar innpass i stadig større grad. Folk fekk nyheiter, musikk , film og teater og ikkje minst sportshendingar direkte inn i stovene sine. Dette ga næring til nye draumar og tankar som særskilt ungdommen tok til seg.
I det gamle bondesamfunnet var det liten skilnad på arbeid og fritid. Folk levde i arbeidet sitt og det var alltid nok å ta seg til. Omgrepet fritid var eigentleg ikkje oppfunne, men no var ting i endring. Utover på 60-talet forsvann mange av dei store fiskebåtane på øya som tidlegare hadde vore arbeidsplass til dei fleste ungdommane . Fleire unge tok utdanning og med betre kommunikasjon til Ålesund, vart regulert arbeidstid mest vanleg. Då oppsto fritidsomgrepet med tid til å gjere andre ting enn det daglege yrket. Vi fekk bilferje til øya og folk tok til å reise på ferie. Dei fyrste sydenturane vart til på denne tida , og vi er komne til 1965.
Denne hausten tok dei vage planane om å organisere ungdommen på Giske i ei idrettsforeining til å styrkje seg. Godøy hadde starta sitt idrettslag eit par år før og etter eit audmjukande tap for Godøy i fotball den sommaren var det ingen veg tilbake ; Giskefotballen måtte organisere seg. Hjartesaka var ein eigen idrettsplass og trua på at dette kunne verte røyndom vart stadig sterkare. Svært få hadde den kunnskapen og viljen som skulle til for å ta steget fullt ut. Men – no var det ting på gang.
Vi er komne til den 6. november 1965 . Den laurdagskvelden kom 35 personer saman på Giske skule og gjorde vedtak om å starte eit idrettslag. Optimismen rådde blant dei frammøtte og trua på at arbeidet med ny idrettsplass skulle kome raskt i gang var stor.
Svein Gunnar Grimstad som då var 19 år gammal vart vald til formann og han hadde desse med seg i det første styret:
Nestformann : Peder Kåre Giske
Kasserer : Noralf Giske
Sekretær : Arild Giske
Styremedlemmer: Perry Giskeødegård og Ola Per Giske.
Svein Gunnar Grimstad og Peder Kåre Giske, dei første æresmedlemane i Giske Idrettslag
Det første registrerte medlemmet i laget var Perry Giskeødegård. Medlemsavgifta vart sett til kr. 10 for vaksne og kr. 4 for barn.
Eit nystarta idrettslag måtte sjølvsagt ha ein formålsparagraf, og den lydde slik:
‘Lagets formål er ved samarbeid og kameratskap å fremje idrett og friluftsliv i sunne former’.
Det formelle arbeidet for å skaffe laget ein idrettsplass kunne starte.
Det nye styret var ivrige etter å kome i gang og ikkje lenge etter stiftingsmøtet vart det kalla inn til det første styremøtet. Sak nr. 1 var arbeidet med ny idrettsplass og sak nr. 2 på lista var medlemsfesten rundt juletider på skulen . Styret såg mot Staurneset som eit naturleg val for å kunne få kjøpe grunn til ei bane. Her låg den gamle naturbana som hadde vore i bruk til fotballspel i mange år. Her beita hestane sommerstid slik at graset var kort og eigna til å sparke fotball .
Det vart avtala eit møte med grunneigarane i området, og dei som møtte var villige til å avstå grunn til idrettslaget . No såg det verkeleg lovande ut og møtet vart avslutta med eit håp om at kanskje kunne ‘ bana såast til våren’.
Utfordringane skulle snart vise seg å vere langt større enn venta. For å kunne realisere draumen om idrettsplass måtte det offentlege inn i bildet. Det måtte søkjast om økonomiske tilskot og alle godkjenningar frå stat og kommune måtte vere ordna. Her var det mange fallgruver. Idrettskonsulenten i Møre og Romsdal , Kaare Viken vart kontakta for å vere rådgivar for det unge laget, og rådet frå han var stikk i strid med planane som låg føre. Han meinte Staurneset var for ‘avsides’ og at bana måtte byggjast i samband med skulen for å kunne nytte seg av garderobene . Han viste til fleire liknande tiltak som ikkje var vellukka på grunn av manglande veg, vatn og straum.
Dette var eit stort strek i rekninga og no måtte arbeidet som var gjort startast på nytt med skulen som utgangspunkt. Bygningslova gjorde at det måtte utarbeidast ny reguleringsplan i kommuna og dette skulle vise seg å ta lang tid.
I mellomtida gjekk arbeidet i laget sin gang. Det fanns nesten ikkje utstyr til dei ulike aktivitetane men laget hadde etterkvart fått litt inntekter og kunne gå til innkjøp av følgjande:
To fotballer og fire treningsballer, ein handball , ei stoppeklokke , fire kuler (kulestøt), ein slengball og to par knebeskyttarar. Det vart også gjort vedtak om innkjøp av startnummer og startblokker. Det fanns lite midler i laget til store innkjøp og etter første driftsåret var kassabeholdninga på kr. 876,44 og driftsutgiftene enda på kr.123,25. Inntektene kom i hovudsak frå kontingent og den årlege medlemsfesten på skulen.
På årsmøtet i 1967 tok Oddvar Veddegjerde over som formann , og hadde dette vervet i eitt år. Samarbeidet med skulen hadde vore viktig frå første stund. Treningane både sommer og vinter gjekk føre seg her og skulen hadde ein del utstyr som idrettslaget fekk nytte vederlagsfritt. Reinhaldet tok laget seg av sjølve, men dette vart det brått slutt på og vaskehjelpa ved skulen måtte utsetje vaskinga til etter klokka 21 på treningsdagane mot ei ekstra godtgjering på kr. 2 pr. time som laget dekte sjølve.
Utan eigen bane vart det ikkje skipa til mange idrettsarrangement på denne tida. Ein fotballkamp vart spela i 1968 mot Godøya og den vann vi med resultatet 4 – 2 . På vinteren vart det arrangert skirenn og seinare på året var det idrettsstemne på inne og ute. Fleire nytta høvet til å ta idrettsmerket og det vart notert klubbrekorder i øvingane høgde, lengde og 60 meter.
Arbeidet i laget gjekk jamt og trutt framover. Medlemstalet var no oppe i omlag 95 medlemmer og Peder Kåre Giske hadde teke over formannsklubba. Laget var innmeldt i Sunnmøre Fotballkrets og i Friidrettskretsen. Vi hadde fått våre eigne fotballdrakter : stripa kvite og blå
Motbakkar
Laget var no inne i sitt fjerde år og ennå var det ikkje kome idrettsplass på øya. Optimismen og trua som rådde i starten var ikkje borte, men bar preg av den langdryge saksgangen i det offentlege systemet. Draumen var ikkje sløkt men mykje skulle vise seg å vere tyngre enn venta. Årsmeldingane bar preg av dette. Det var tungt å dra lasset når motbakkane melde seg og viljen til deltaking minka. I årsmeldinga for 1968 kjem dette hjartesukket fram som døme på manglande disiplin og miljø:
• At fjernsynsprogram gjeng føre trening
• At regndropar hindrar rørsle i friluft.
• At deltaking i idrettstevlingar skjer i bestedress og lakksko.
• At salen mest er tom før slutten av eit møte.
• At jenter over 16 år ikkje kan drive gymnastikk.
• At fotballkamp på Aksla går føre tevlingar på Giske.
Meldinga vart avslutta med ei oppmoding til medlemmane :’ Det er nok av nedbrytande krefter, innan laget må det synast samhald og solidaritet skal våre ærgjerrige planar lukkast å setje ut i livet. Det krev innsats frå kvar einskild, ein innsats til beste for alle.’
Vendepunktet
Fire år var gått sidan oppstarten og enno var ikkje det første spadetaket på ny idrettsplass teke. Formannskapet hadde i august 1968 gjeve kommune-ingeniøren i oppdrag å planlegge anlegget i nærleiken av skulen og ei synfaring same månad gjorde at valet fall på eit område nord for skulen om lag parallellt med Bedehusvegen. Styret venta i spenning på teikningane og først etter tre skriftlege og fleire munnlege purringar, kom planane på bordet. Planen med laget sine kommentarer vart sendt tilbake til kommuna for endeleg godkjenning. Og enno ein gong vart planen omarbeidd, denne gongen var bana snudd i retning aust-vest , der deler av anlegget låg inne på skuleplassen. Heradsagronomen fekk i oppdrag å stikke ut bana og måle opp arealet som skulle nyttast.
Vi er no på hausten 1969 . Sjølv utan eigen bane for fotball byrja tanken om å melde på eit seniorlag i kretsserien å vekse fram. Utover hausten og vinteren vart det gjort grundige vurderingar av spelarar som kunne vere aktuelle og avgjerda vart teken: No skulle vi ut å kjempe om poeng, ‘ut og blø for drakta – stripa kvit og blå’. Snart ryktast det rundt om at Giske I.L. skulle delta i seriespel. Ein av dei som fekk høyre om dette og tok kontakt med laget var Nils Furnes. Han hadde erfaring frå bylaget Rollon og han skulle vise seg å verte ein svært sentral person i idrettslaget dei komande åra både på og utanfor bana.
Den 11. mai 1970 entra vi Skodje stadion til første seriekamp. Skodje var storfavoritter med lang fartstid i serien. Overraskinga var stor då Giske kunne reise heim med to poeng og siger 4 – 1. Denne hendinga sette nytt mot og ny framtidstru i laget. No måtte det snart bli ei løysing på banesaka, no var det viktigare enn nokon gong før å få bygd ein idrettsplass på Giske. Heimekampane vart spela på Synesbana og Valdervoll og laget gjorde ein god innsats det første året. Vi var svært nær opprykk men i siste kamp vart det tap og opprykket glapp.
På årsmøtet i 1970 vart Nils Furnes valgt til styreleder og han tok straks til med arbeidsoppgåvene som låg føre. Det vart m.a. installert lysanlegg på skuleplassen som kosta 5000 kroner utan støtte frå offentlege midler. Det gjorde at laget kunne trene utandørs på kveldstid utover vinteren.
Men snart skulle det by seg nye løysningar på banesaka. Utover året 1971 vart det kjent at det sto føre ei utskiftning av Giskegjerde utmark på Staurneset. Planane om plassering ved skulen hadde ‘stått i stampe’ i lengre tid og kostnadane med tanke på drenering og opparbeiding var høge. Det vart på nytt teke kontakt med grunneigarane på Giskegjerdet, som stort sett var positive til tanken og etter ei tid vart det semje om pris og areal. Jordskiftedommaren vart kontakta og gav sitt samtykke og dei kommunale styresmaktene samt Statens Ungdoms og Idrettsutval godkjende planane. Like etter påske i 1971 vart arbeidet sett i gang og no gjekk det raskt unna og målet om å kunne så bana same hausten vart nådd.
Våren 1972 var ein av dei tørraste i ‘manns minne’ , og grasveksten på bana var svært laber. Men utpå sommaren vart det bedre og den 20. august kunne laget ynskje serieleder Vartdal velkommen til første kamp på Giske Stadion. Fem år etter oppstarten hadde idrettslaget nådd sitt første store mål , og no såg det unge laget lyst på framtida.
Fotballbana vart den samlingsplassen som laget hadde sett føre seg . Den var bygd på sandgrunn utan eit einaste dreneringsrør og forholda gjorde at bana var tidleg snøfri om våren og vart mykje ettertrakta som treningsbane for dei store klubbane som ville ha grastrening. Lag som AaFK og Hødd, Molde og Moss har spela kampar og lagt treningane sine hit, og dette har gitt oss gode leigeinntekter i mange år . No som kunstgraset har teke over er dette av mindre verdi. Krava til ‘strøkent’ underlag har stadig blitt større og også Giskebana har heva nivået. På 70 og 80-talet var Svein Giskegjerde ein av dei som la ned eit stort arbeid for klubben på dette området.
A-laget klar for kamp mot Godøy i 1972 . Resultat 1 – 1 .
Mot nye mål.
Laget var no etablert med faste inntekter frå kontingenter , basar , juletresalg og tilskot frå det offentlege. Ei campingvogn vart innkjøpt og brukt til kiosksalg om kveldane og denne ga også gode inntekter. Parkeringsplass vart opparbeidd ved bana men noko viktig var framleis ikkje på plass: garderobe og dusjanlegg. Styret hadde ei tid jobba med planane og på eit folkemøte på skulen den 20.september 1974 vart planane for eit garderobeanlegg i kjellaren og klubblokale i 2.dre etasje lagt fram. Eit eige husstyre vart valgt med Rolf Giskeødegård for leiar. Den 13.desember 1974 møtte eit samla styre på Giske rådhus der saka om stønad til nytt klubbhus vart diskutert. Saka vart avgjort med 17 mot 10 stemmer, og dermed kunne det praktiske arbeidet ta til. Eit ekstraordinært årsmøte i februar 1975 avgjorde at Vegsundhus skulle levere byggesettet og klubbhuset fekk namnet ‘Nestun ‘. Stor dugnadsinnsats utover året gjorde at huset kunne takast i bruk med garderobedelen først og seinare festsalen.
Samtidig gjorde A-laget sin beste sesong og i skarp konkurranse med Nordøy I.L. . vart opprykket avgjort den 21.september med heimesiger 3 – 1. Nesten 400 tilskodarar heia laget fram denne dagen. Trener for laget var Oddvar Aarø frå Aafk og Giske I.L. kunne feire 10-årsjubileum med opprykk og nytt flott klubbhus . Giske Idrettslag var i løpet av 10 år blitt ein vaksen klubb og ein viktig kulturberar på øya vår.
Nils Furnes gjekk av som styreleiar på årsmøtet i 1977 etter sju innhaldsrike år både på og utanfor bana. Med sin erfaring innan administrasjon og sportsleg aktivitet tilførte han laget stor kompetanse som gav store framskritt på mange områder. Nils Furnes gjekk dessverre bort i mai år 2000. .
Nils Furnes tek i mot helsingar fra Giske kommune ved varaordfører Oddvar Veddegjerde
Nye aktiviteter
Det nye klubbhuset vart fort det nye ‘grendahuset’ i bygda. Dette skapte rom for nye aktiviteter med ulike behov. Bryllup, åremålsdager, slektstemne, revyer, konserter og kino vart ein del av tilbodet på Nestun. Og no gjorde damene sitt inntog i styre og stell. Idrettslaget hadde sidan oppstarten vore nokså mannsdominert, men no vart det meir ‘likestilling’ også på dette området. Det skulle syast og kokast, pyntast og vaskast til ulike formål, og då stillte jentene opp. Husstyret var helst arenaen for dei kvinnelege eldsjelene og nivået på arbeidet var høgt og mykje verdsett. Den første kvinnelege lederen i Giske I.L. var Kjersti Norrud Giske, valgt på årsmøtet i 1978.
Rigmor Giske, Arnfinn Helge Giske, Kjell Høybakk, Kristin Giske og Thorhild Giske i arbeid på kjøkkenet på Nestun.
Ei tid dreiv laget også med volleyball og handball. Ei driftig trimgruppe vart oppretta i 1984 og arrangerte trimturar både på øya og til andre stader. Dametrimmen hadde faste trimdager og vart leia av Åse Hatlø, og trimquiz med poster rundt på øya vart også eit populært tiltak. Turer til Tafjordfjella og andre fjellturer saman med meir lokale fjøreturer er gjennomført i trimgruppa sin regi.
Trimquiz med poster rundt om på øya.
Ten-Treff
Åra gjekk og nye generasjoner barn og unge har vaks til på Giske. I starten var fokuset på idrettslege aktivitet. Men laget gav også eit tilbod til dei yngste som ikkje dreiv med aktiv idrett. Tiltaket som starta i 1977 fekk namnet Ten-Treff, og første formannen var Olav Ståle Johansen. Dei samlast ein gong i veka til uformell samankomst med spel , leikar , kiosksalg og lignande. Etter at kjellerstova vart innreda i 1982, vart dette rommet mest nytta med biljard , diskotek og etterkvart også TV og filmframsyning. Ei tid var dette det mest populære ungdomstiltaket i kommuna og i kjølvatnet av Ten-Treff grodde det fram musikkaktiviteter som var med på sette Giske på kartet. Etter ei god periode på slutten av 90-talet , har aktiviteten i Ten-Treff vore fallande og er i dag ei ‘sovande’ gruppe.
Barnehagen
Tidleg på 80-talet kom det signaler om å etablere ein kommunal barnehage på Giske. Idrettslaget fekk spørsmål om å nytte klubbhuset til dette formålet, og i september 1984 vart barnehagen installert i hovedetasjen. Det vart også laga tilgang til kjellerstova med leikeområde der. På det meste var det 15 til 20 plasser i barnehagen , men det var ikkje heildagstilbod. Det vart sett opp leikeapparat i hagen ved klubbhuset . Samlokaliseringa mellom barnehagen og dei øvrige aktivitetane i idrettslaget føregjekk ikkje utan problemer. Ved dei store arrangementa måtte barnehagen sitt utstyr ‘ryddast vekk’ grunna plassmangel. Dette førte tidvis til vanskar for dei tilsette med å finne att utstyret sitt, men samarbeidet gjekk høveleg bra. Avtalen gjekk ut sommaren 1992 og barnehagen vart då flytta til eit anna hus på øya.
Ordfører Harald Hole (t.v.) saman med Gunhild Furnes, Margrethe Høybakk, Henning Giske, Svein Gunnar Grimstad, Roger Giskegjerde og Malvin Giskegjerde etter nedlegging av grunnstein til nybygget.
SAM-prosjektet
Klubbhuset på Nestun nærma seg no 20 år og slitasjen var blitt merkbar. Mykje arbeid gjekk med på å halde standarden oppe og i byrjinga på 90-talet kom tankane om eit nytt byggesteg fram i lyset. Ei prosjektgruppe vart sett ned for å utrede planane og å finne dei beste løysningane for gjere lokala meir tilrettelagde for alle brukarar. Planane fekk også god respons i kommuna og laget fekk til eit samarbeid med dei tilsette i kultursektoren.
Planane fekk status som eit nærmiljøprosjekt der huset endra status som eit reint klubbhus til å bli eit ‘allbrukshus ‘ for alle lag og organisasjoner i Giske. Ei behovsanalyse som vart utsendt til ulike organisasjoner bekrefta at behovet var tilstades. Ein lang og tidkrevjande prosess vart sett i gang for å få alle godkjenningar på plass og i april 95 kom den endelege fylkeskommunale godkjenninga som sikra laget over ein million kroner i stønader. Dette var eit spleiselag mellom statlege og kommunale tilskotsordningar og vart nemd som SAM-midlane. I tillegg måtte laget låne kr. 400.000,- for å fullføre prosjektet.
Det vart innhenta anbud på arbeidet og valget fall omsider på Bjerknes Bygg AS. I tillegg var svært mykje av arbeidet basert på dugnad. Hausten 1995 kunne ordførar Harald Hole legge ned grunnsteinen og 6.september 95 starta sjølve arbeidet. For å tilpasse nybygget til det gamle måtte mykje rivast og ryddast vekk og hausten 95 og vinteren 96 var ei hektisk tid for laget. Dugnadsarbeidet viste seg å vere meir omfattande enn ein trudde men etter ein kraftfull innspurt dei siste månadane kunne huset åpnast som planlagt den 1.mai 1996. Giske I.L. hadde makta det store løftet og hadde halde seg innafor kostnadsrammene.
I samband med dette store prosjektet var det mange som gjorde ein formidabel innsats. Margrethe Høybakk var leiar i hovedstyret i idrettslaget under planprosessen og Svein Gunnar Grimstad leiar i prosjektgruppa (byggekomiteen). Desse to stod i ‘bresjen’ for gjennomføringa av byggeprosjektet. I tillegg må nemnast Malvin Giskegjerde som la ned eit svært omfattande arbeid både i prosjektgruppa og i praktisk arbeid.
Nybygget skapte ein ny giv i idrettslaget. Som ein bieffekt av dette vart også deler av uteområdet oppgradert, og eit tribunebygg var i emning. Området i vestenden av bana vart planert og masse frå sandhaugane blei brukt til å bygge dei to første trinna. Ved god hjelp frå Gjøsund Industrier og Stavseng Ingeriørkontor vart det laga teikningar som vart sendt til kommuna for godkjenning. Ørsta Stålindustri AS laga og monterte overbygget og stolane blei gitt gratis frå AaFK. Tribuna som i stor grad er bygd på dugnad, gir god ly for ver og vind og inneheld samtidig store lagerrom for diverse utstyr.
Tribunebygging våren 2001 med Jarle Giske og Axel Giske
Skuleplassen
Som tidlegare nemnt har skulen på Giske vore ein svært viktig samarbeidspartner for idrettslaget sidan starten i 1965. Skuleplassen har vore treningsbane i alle år særleg etter at flomlyset kom til og dei kunne trene utandørs vinterstida. Men med åra vart den gamle grusplassen i dårleg stand og lite eigna til leik og trening. Saman med skulen og Giske kommune vart det i fleire år jobba for å utbetre skuleplassen og til sist vart det løyvd 1,6 million kroner til formålet.
Planen var å bygge ei 7-er bane med kunstgras der idrettslaget gjekk inn med ein sum samt dugnadsarbeid til inngjerding . Det vart søkt om tippemidler til anlegget som både skule , barnehage og idrettslaget ville ha nytte av. Ein konkurs fra ein av underleverandørane gjorde at prosjektet vart forseinka, men i 2014 kunne anlegget offisielt åpnast. Giske I.L. var sentrale i arbeidet med å realisere planane og bidro med både penger og dugnadstimer.
Den nye skuleplassen med kunstgras mellom skulen og barnehagen.
Logoen
I 1978 spela Giske tre kampar om KM-tittelen i 7.divisjon . Ved slike høve var det vanleg å overrekke det gjestande lag ein vimpel med logo som ei helsing og eit minne frå oppgjeret. Dette mangla Giske I.L. og det vart laga eit forslag til logo på eit våpenskjold som seinare har innarbeida seg til fast bruk. På den tida måtte laget i båt frå øya når dei skulle ‘ i kamp’ og med Giske sin historiske bakgrunn måtte det bli eit vikingskip. Seglet viser klubbfargane ‘stripa kvit og blå’ med namn og stiftingsår. Logoen er teikna av Knut Birger Giske.
‘Når nordavinden røska gøtt i flagga – gjer Giskelaget sej klar til kamp…’
50-år er gått sidan laurdagskvelden på Giskeskulen der det heile starta. Den 7. november 2015 var det jubileumsfest på Nestun der femti år med frivilligheit, dugnadsånd og samarbeid om å ‘fremje idrett og friluftsliv i sunne former’ vart feira. Ein kan trygt slå fast at laget har lykkast . Giske Idrettslag er i dag ein viktig kulturfaktor både på Giskeøya og i kommuna ellers.
‘Stolt av drakta – stripa kvit og blå ‘
Styreleiarar i Giske Idrettslag
1965 – 1967 : Svein Gunnar Grimstad
1967 – 1968 : Oddvar Veddegjerde
1968 – 1969 : Peder Kåre Giske
1969 – 1970 : Arild Giske
1970 – 1977 : Nils Furnes
1977 – 1978 : Arnfinn Helge Giske
1978 – 1979 : Kjersti Norrud Giske
1979 – 1980 : Svein Gunnar Grimstad
1980 – 1984 : Peder Kåre Giske
1984 – 1985 : Svein Gunnar Grimstad
1985 – 1988 : Knut Birger Giske
1988 – 1989 : Torbjørn Kalvø
1989 – 1990 : Axel Giske
1990 – 1992 : Svein Gunnar Grimstad
1992 – 1995 : Margrethe Høybakk
1995 – 1998 : Knut Ingolf Giske
1998 – 1999 : Svein Gunnar Grimstad
1999 – 2001 : Peder Kåre Giske
2001 – 2004: Idar Giskegjerde
2004 – 2007: Steinar Lillebø
2007 – 2008: Axel Giske
2008 – 2011: Eldar Røsvik
2011 – Steinar Lillebø
Giske , sept. 2015 Knut Birger Giske