Søndag er det klart for årsmøte i Giske IL

Søndag 26 mars er det årsmøte i Giske IL kl 18.00 på Nestun

I tillegg til vanlege årsmøtesaker som val og rekneskap, samt eit mindre låneopptak til ny plentraktor, ynskjer styre i idrettslaget å sette fokus på idrettslaget si rolle som kulturberar og identitetskapar på øya Giske.

Formålsparagrafen frå 1965 da idrettslaget vart starta gjeld framleis og er like aktuell i dag.

‘Lagets formål er ved samarbeid og kameratskap å fremje idrett og friluftsliv i sunne former’

Giske IL er eit aktivt idrettslag, og styret i idrettslaget håper det skal fortsette slik, i tillegg til idrett og sosiale aktivitetar som karneval, basar, julemarkering og Jonsok, har vi eit ønske om ei turgruppe og ei seniorgruppe i idrettslaget.

Turgruppe

I dette ligg det at ei turgruppe tek ansvar for nokre turar i året for alle som vil  kan vere med på, og kanskje ein ryddeaksjon i fjøra kvart år? Turane bør vere tilpassa mange, og det kan vere turmål i nærområdet vårt. Kan du tenke deg å bidra i ei slik gruppe, so meld di interesse til noken i styret og/eller møt opp på årsmøte på søndag.

Seniorgruppe

Mange idrettslag med respekt for seg sjølv har seniorgruppe, og styret i Giske IL ynskjer å lodde interessa for ei slik gruppe i Giske IL.  Meininga er å lage ei positiv ramme for alle som er glad i Giske IL, og som ikkje naturleg fell inn i arbeid rundt den daglege drifta i laget. Ein treng ikkje å ha vore tidligare styreleiar/styremedlem eller aktiv for å delta, kun at ein har eit godt hjarte for idrettslaget. Det kan vere ei samling ein gong i mnd, eller kanskje anna kvar mnd. Form og innhald finn ei slik seniorgruppe sjølv ut av. Sist ute med ei slik gruppe var IL Valder, og det hadde vore kjekt om det var interesse for ei slik gruppe  også på Giske. Kan du tenke deg å vere med på oppstarten i ei slik gruppe, som meld di intresse til noken i styre og/eller møt opp på årsmøte.

Alle større verv i idrettslaget har vi kandidatar på, men det er plass til fleire aktive medlemmar. Anten det er i styre og stell,  i forbindelse med hendingar som idrettslaget arrangerer i løpet av året eller i forbindelse med heimekampane til a-laget som har vorte eit flott samlingspunkt anna kvar veke i sesongen.

Håper mange tek turen på årsmøte på søndag, og viser at ein vil bidra til eit fortsatt levande idrettslag på Giske.

Som ei ekstra gulrot kan alle medlemmar som har betalt kontingent for 2017, og stiller på årsmøte vinne 1 stk gavekort kr 1000 på G-MAX. Det blir altså trekt ut blant dei som møter opp.

Vel møtt!

Helsing Styret i Giske IL – Steinar Lillebø, Eli Fjørtoft Giske, Inger-Lise Emini, Anja Rovde Misund, Andreas Giskegjerde og Eldar Røsvik